Gjesteplassar:
Hamna har 25 gjesteplassar fordelte på to brygger.
Innsegling
Grøn og raud lykt ved molo.
Gjestebryggene ligg innerst i hamna.
Maks seglingsdjupne
2,0 meter.

Bunkring

Marinediesel er tilgjengelig på kaia innst i hamna. Per i dag kan det ikkje fyllast med vanleg bankkort, men eventuelle gjestar kan få fylt diesel ved å henvende seg til vakthavende kontaktperson i hamna.
Treng du bensin er det kort vei til Bensinstasjonar.

Sjøsettingsrampe
Om du treng å sjøsette, eller ta båten din på land, har vi sjøsetjingsrampe innst i hamna, like ved bunkringskaia.
Henvend deg til vakthavande/kontaktperson for avtale.

Gjester i hamna får tilgang til alle fasilitetar. Vatn og straum finn ein på alle bryggjene. På land får ein tilgang til toalett, dusj, vaskemaskin, tørketrommel, kjøken og opphaldsrom i servicebygget Ankerstova. Nøkkel til Ankerstova kan ein få på CirkleK stasjonen mot eit depositum på 1000 kroner.

Betaling
Eit gjestedøgn kostar kr. 200,- inkl. straum og vatn. Betalinga skjer ved raudt pumpehus ved rampen innst i hamna. Ein nyttar bompengekonvolutt og betalar anten kontant eller helst med VIPPS. Legg kvittering for betalt opphald synleg på farkosten.

Andre ting ein finn i nærleiken av hamna:
- Ca. 200 m til nærmaste handlesenter
- Ca. 100 m til daglegvarehandel 
- Ca. 50 m til bensinstasjon (CirkleK)
- Ca. 300 m til Hotell Ivar Aasen
- Busshaldeplassen finn du berre nokre få meter frå hamna.
- Når du legg til på gjestehamna kan du sjå eit raudt hus i nærheita. Dette er Ankerstova, der ein finn toalett og dusj.
- Ørsta har også ei fin badestrand med flytebryggje, berre eit lite stykkje frå hamna
- Ein finn også fleire kaféar og restaurantar i nærleiken.