Ørsta Kommune
Velkomen til Ørsta kommune. Om det er noko du lurer på, ring servicekontoret på tlf 700 49700 eller klikk på overskrifta for å gå til heimesida.


Ørsta Info

Ei flott nettside med oversikt over kunst, kultur og museum, opplevingar i natur mellom fjord og fjell og praktisk info om aktivitetar og overnatting i Ørsta.


Amfi Ørsta

Søre Sunnmøres største kjøpesenter, plassert på nordsida av Hamneparken, ca 200 meter frå hamna.

Hotell Ivar Aasen

Hotellet ligg i Ørsta sentrum ved Laguneparken, omkransa av statuene til Ivar Aasen og Anders Hovden med dei majestetiske Sunnmørsalpane som bakteppe. Hotellet har gangavstand til buss, butikkar, lege og drosjesentral.

Ørsta Camping
Ørsta Camping ligg lett tilgjengeleg rett utanfor Ørsta sentrum, langs E 39, og kan by på ei mengde opplevingar om du ynskjer å besøke oss.

Naturfestivalen
Klatrekurs, toppturar, kombinerte båtturar og fjellturar, tradisjonsmat, lurlokk, feleslåttar, tandem paragliding, konsertar, og mykje meir. Ei
 veke i året er fokuset spesielt retta mot naturen og opplevingar vi kan finne i vårt område og dette toppar seg på Laurdagen, når arrangementet "Saudehornet rett opp", går av stabelen. Dette er eit motbakkeløp som går frå småbåthamna og via skåla til toppen av Saudehornet, 1303 moh.


Ørsta Skisenter
Ørsta Skisenter AS, Bondalseidet, ligg sentralt plassert på solsida av Sunnmørsalpane. Det ligg ca.15 minutt i køyreavstand fra Ørsta sentrum. Her er tilbod for alle, barnetrekk, t-trekk og stolheis. Desse tek deg opp til preparerte trassear, urøyrt nysnø eller starten til ein topptur. Vidare er her kilometervis med turløyper og mange pauseplassar som kaffeane i botnen og på Eitrefjell.

Ørsta/Volda Lufthavn: https://avinor.no/flyplass/orstavolda/

Vår eigen flyplass, som tek oss ut i den store verda eller heim til fjord og fjell.