Ny gjestebrygge vel i havn

lagt inn 14. mar. 2020, 07:08 av Kjetil Leira

 Den nye gjestebrygga frå Vik Ørsta, vart levert av Kristian With og dugnadsgjengen slepte dei trygt i havn.
   


Årsmøte 25.02.2020

lagt inn 4. feb. 2020, 01:23 av Kjetil Leira   [ oppdatert 12. feb. 2020, 02:22 ]

Det blir halde ordinært Årsmøte på Hotell Ivar Aasen,Skårasalen, Tysdag 25.02.2020 kl 1900.
Saker som skal fremjast, må være styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet.
Årsmelding frå styret blir lagt ut på klubbhuset i god tid før møtet.

Vel møtt!
Helsing styret

Storflo 15. Januar 2020

lagt inn 15. jan. 2020, 05:17 av Kjetil Leira   [ oppdatert 15. jan. 2020, 05:19 ]


Ankerdans Laurdag 3. August

lagt inn 7. jun. 2019, 02:52 av Kjetil Leira

I samband med Saudehornet rett opp og Naturfestivalen, arrangerer vi den årlige Ankerdansen.
Det blir musikk med Sunnmøre Baarelag og Listen to the Band. Dørene opnar kl. 2100. Pris kr. 300,- Aldersgrense 18 år.


Bøyer i havneinnløpet

lagt inn 3. apr. 2019, 02:25 av Kjetil Leira

Det er lagt ut markeringsbøyer i havneinnløpet grunna mykje sediment frå Vikeelva.
Ein lyt halde godt mot molo når ein går inn og ut av hamna. Helsing styret.

Vårdugnad

lagt inn 20. mar. 2019, 03:34 av Kjetil Leira

Det vert Vårdugnad i småbåthamna Torsdag 11. April frå kl. 1700. Vi ryddar og kostar, koblar på vatn og ellers påkomande arbeid.
Ta med høveleg reiskap og møt opp! Enkel servering på Ankerstova. Helsing styret.

Årsmøte 2019

lagt inn 4. feb. 2019, 04:31 av Kjetil Leira

Det blir halde ordinært årsmøte på Ankerstova, Tysdag 26. Februar kl. 1900. 
Forslag til årsmøtesaker, må være styret i hende før 12. Februar.
Vel møtt!

Styret

Til salgs

lagt inn 28. jan. 2019, 02:42 av Kjetil Leira   [ oppdatert 15. mar. 2019, 04:00 ]

Laget har fleire båtplassar ledig, frå 3,0 mtr og oppover. Kontakt hamnesjef Anders Ørstavik på tlf: 48 19 78 84

Nyttårsfest

lagt inn 29. des. 2018, 02:47 av Kjetil Leira

Vi inviterer til eit uformelt samkome nyttårsafta på Ankerstova. Oppmøte etter kl. 1800 og ta med det du sjølv vil ha i glaset.
Det blir ikkje mat men diverse snacks og god stemning. Ta ein tur då vel!
 

Haustfest 10. November kl. 1900.

lagt inn 30. okt. 2018, 02:50 av Kjetil Leira   [ oppdatert 30. okt. 2018, 02:53 ]

Det blir halde haustfest på Ankerstova Laurdag 10. November kl. 1900. Det blir servering av mat og drikke, programinnslag av Jostein Vatne og ellers den gode samtalen rundt bordet. Vi spleisar på utgiftene, kr. 200 pr haud og påmelding skjer på liste utlagt på Ankerstova. Vel møtt! Helsing styret.

1-10 of 72