Styret for Ørsta Småbåtlag ynskjer å helse alle medlemmar ein riktig god jul og eit godt nyttår. Samtidig ynskjer vi å oppmode båteigarane om å sjå ekstra til båtane sine, da det torsdag (julafta) og ikkje minst fredag (1. juledag) er meldt opp mot storm samtidig med høg vasstand i Møre og Romsdal og på Sunnmøre. Det er full flo 24. desember kl 09:59 (tabell 213 cm) og kl 22:23 (tabell 214 cm). For fredag 25. desember er det flo kl 10:42 (tabell 219 cm) og kl 23:11 (tabell 216 cm). Vasstand er estimert til 40-60 cm over høgda oppgjeven i tabell for julafta, skriv yr.no i sitt obs-varsel for Møre og Romsdal. Mvh Ørsta Småbåtlag Styret |
På plakaten >