Vedtekter pr. 26.02.2019.                                                         

 

§ 1. Namn – formål

 

Namnet til laget er Ørsta Småbåtlag.

Ørsta Småbåtlag er tilslutta Kongelig Norsk Båtforbund ( KNBF )

Formålet til laget er:

-          å arbeide for trygge og gode hamneplassar

-          å ivareta felles interesser til småbåteigarane

-          arbeide for sosialt samhald mellom medlemmane

-          syte for vedlikehald av hamna og hamneområdet, medrekna bygningar og liknande som laget rår over

-          syte for at leigeavtalen med grunneigaren vert halden ved like

 

§ 2. Medlemmar

Den som har betalt depositum på ein båtplass i hamna og betalt medlemsavgift, er medlem med rett til ein båtplass og stemmerett på årsmøtet. Kvart medlem har ei stemme. Andre kan også bli medlemmar i laget, men utan stemmerett på årsmøtet.

Ved tildeling av båtplass skal medlemmar med Ørsta Kommune som bustadkommune ha fortrinn fram for utanbygdsbuande.

Årsmøtet fastset til ei kvar tid kor mange storleikar ein bestemt type båtplass skal tilsvara. Breidda på båtplassen blir regna frå senter til senter på utriggar. Båtar over 11 meter skal ha lang utriggar. Grunnstorleik bryggeplass er 10. Deretter regnast 6 storleikar pr meter. For lang utriggar, regnast tillegg på 5 storleikar. Årsmøtet fastset prisen på storleikane.

 

 

§ 3. Hamneavgift

Kvart medlem pliktar å betale årleg hamneavgift til laget. Denne hamneavgifta skal betalast sjølv om båtplassen ikkje nyttast. Hamneavgifta skal betalast innan 30.april. Årsmøtet fastset prisen på hamneavgifta og kan også vedta tilleggsavgifter ved for sein betaling og liknande.

 

 

§ 4. Oppseiing av båtplass - tilbakebetaling depositum

Den som vil seie opp båtplassen sin, må gje skriftleg melding til styret. Båtplassar kan ikkje overdragast til andre enn Ørsta Småbåtlag med unntak av det som er bestemt i § 5, 2 avsnitt.

Dersom båtplassen vert sagt opp grunna dødsfall, pliktar laget å løyse inn båtplassen innan seks månadar etter at laget har motteke melding.

Andre som vil seie opp båtplassen, gir styret skriftleg melding om dette. Ledige båtplassar skal gjerast kjent for medlemmane med oppslag på hamneområdet. Utbetaling av depositum til gamalt medlem vert gjort straks nytt medlem har betalt nytt depositum. Medlemmet disponerer båtplassen til han får oppgjer for plassen og så lenge hamneavgifta vert betalt til rett tid.

Innbetalt depositum gjeld som pant, for gjeld av ein kvar art, som medlemmet har til laget.

Betalte avgifter, refunderast ikkje.

Tilbakebetaling skjer til den pris som gjeld på oppseiingstidspunktet.

Den plass som er sagt opp først, skal innløysast først, så langt dette er praktisk mogeleg.

 

§ 5. Arv – overdraging av depositum

Den som har arva depositum i hamna skal gi skriftleg melding om dette til styret. Depositum i hamna kan berre overførast til born og borneborn. Andre arveforhold skal godkjennast av styret.

Depositum som lengstlevande ektefelle overtek i uskifta bo, vert ikkje rekna som overdraging.

 

§ 6. Utleige av ledige båtplassar

Plassar som laget disponerer, kan hamnenemnda leige ut. Årsmøtet fastset prisen for utleige.

 

§ 7. Utleige av eigen plass

Eit medlem har høve til å leige ut båtplassen sin. Prisen for framleige skal vere den same som laget nyttar ved utleige av ledige plassar. Skriftleg melding om kven som leiger plassen skal sendast styret av utleigaren. Leigaren må også betale medlemsavgift til laget.

 

§ 8. Styre og nemnder/utval

Styret er småbåtlaget sitt høgste mynde mellom årsmøta.

Eit styre på fem medlemmar, med tre varamenn, leier laget. Årsmøtet vel styret med formann, nestformann, kasserar, sekretær og styremedlem. Styremedlemmet skal være hamnesjefen. Formann skal veljast for eitt år om gongen. Dei andre i styret skal veljast for to år, men slik at berre to går ut om gongen. Laget vel for eitt år, tre varamenn. Fyrste varamann møter i styret utan stemmerett.

Årsmøtet skal vidare velje to revisorar og ei valnemnd på tre medlemmar for 2 år.

Til hamnenemnd skal årsmøtet velje sju medlemmar, ein frå kvar brygge, for to år. Berre tre av nemnda kan gå ut av nemnda om gongen. Årsmøtet vel formann i hamnenemnda.

Årsmøtet vel også husnemd, som skal ha tre medlemmer. Årsmøtet vel formann. Berre to av nemnda kan gå ut av styret om gongen.

Årsmøtet kan opprette andre nemnder og utval. Medlemmar pliktar å ta på seg ombod i styre og nemnder.

Den som går ut av styre og nemnder kan nekte attval for like mange år som han har sete. Styret er klageinstans for eventuell usemje mellom nemnder/utval og medlemmar.

 

§ 9. Årsmøte

Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar kvart år, og det skal kallast inn med minst to vekers varsel. Saklista skal kunngjerast på førehand. Forslag til endring av vedtekter må vere styret i hende innan utgangen av November året før. Forslag til andre årsmøtesaker må vere komne inn til styret seinast to veker før årsmøtet.

Vedtak skal gjerast ved vanleg fleirtal av stemmeberettiga medlemmar, unnateke saker som gjeld endring av vedtekter som nemnt i § 10. Formannen si stemme avgjer ved likt stemmetal. Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte når dei finn det naudsynt. Slikt årsmøte skal og innkallast når minst 1/3 av medlemmane krev dette skriftleg.

Eit medlem kan gje fullmakt til ein som har arverett til båtplassen i flg. § 5 i vedtektene. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt. Eit medlem som er representert ved fullmektig, vert rekna som frammøtt.

Årsmøtet skal handsame:

-godkjenne innkalling og sakliste

-godkjenne fullmakter

-fastsetjing av stemmetal

-årsmelding frå styret

-rekneskap for siste år

-budsjett og arbeidsplan for inneverande år

-fastsetjing av avgifter og kontingentar for inneværande år

-val av styre, revisorar og nemnder

-andre saker som blir framlagde av styret

 

§ 10. Endring av vedtektene

Endring av laget sine vedtekter kan berre vedtakast på vanleg årsmøte og krev 2/3 fleirtal av stemmeberettiga medlemmar. Framlegg til vedtektsendring må kunngjerast i saklista til årsmøtet. Nye vedtekter tek til å gjelde straks dei er vedtekne.

 

§ 11. Oppløysing

Oppløysing av laget kan kun vedtakast på årsmøtet ved 2/3 fleirtal av dei stemmeberettiga. Ved vedtak om oppløysing av laget, skal restverdiar tilfalle eit allmennyttig føremål, bestemt av årsmøtet.

 

§ 12. Hamnenemnd – dagleg leiing

Hamnenemnda har det daglege mynde og ansvar i hamna og er leia av hamnesjefen. Nemnda skal kontaktast i alle hamnespørsmål.

Hamnenemnda avgjer plassering av dei einskilde båtar i hamna innanfor vedtekne utbyggingsplanar.

Hamnenemnda har mynde til å flytte båtplassar ved rokkering eller andre behov.

Styret utarbeider og vedtek instruks for hamnenemnda.

Styret kan engasjere dagleg leiar/hamnevakt for eitt år om gongen.

Det daglege tilsynet med hamna kan overlatast til hamnevakta.

Styret utarbeider og vedtek instruks også for hamnevakta, i samråd med hamnenemnda. Hamnenemnda er underlagt styret.

 

§ 13. Husnemnd

Husnemnda har det daglege mynde og ansvar for bygningar som laget disponerer.

Styret skal utarbeide og vedta instruks for husnemnda.

Husnemnda er underlagt styret.

 

§ 14. Fortøying - hamneforhold

Båten skal fortøyast forsvarleg og med minst fire fortøyingar med strekkavlastar i gummi. Elektrisk tilkopling skal gjerast med godkjent utstyr. Styret/hamnevakt kan kople frå båtar som ikkje har godkjent tilkopling.

Det er ikkje lov å lagre ting på bryggene(som gummibåtar)

Småbåtlaget eig og held ved like brygger, fortøyingsbøyer og – kjetting i hamna. Fortøyingstau må den einskilde båteigar halde sjølv. Laget er ansvarleg for forsvarleg fortøying av flytebrygger og forsvarleg fortøying mellom feste (botn) og fortøyingsblåser.

Båtar som ligg i hamna skal fendrast tilstrekkeleg slik at skader ikkje vert påført eigen eller andre sine båtar. Båtar som hamnenemnda meiner er ein risiko for brygga eller andre båtar, kan hamnenemnda krevje at båteigar tek på land. Dersom det ikkje vert gjort, tek hamnenemnda båten på land på eigaren si rekning og risiko.

Etter sjøsetting skal båtane snarast mogleg fortøyast på båteigaren sin plass. Lengre fortøyingsopphald ved sjøsettingsbrygga er ikkje tillate.

 

§ 15. Manøvrering i hamna

Manøvrering innanfor hamneområdet skal gå føre seg med varsemd. Ved gange ut og inn av hamna skal det være sakte fart.

 

§ 16. Låsing - tjuveri- skade

Portane på flytebryggene skal alltid låsast. Småbåtlaget er ikkje ansvarleg for ting som vert stolne frå båtane, eller for annan skade som blir gjort på båtar eller utstyr i hamneområdet.

 

§ 17. Brot på laget sine vedtekter

Medlemmar som ved sin oppførsel, fysisk, skriftleg eller munnleg skadar laget eller medlemmane, eller som ikkje rettar seg etter lagets vedtekter, instruksar eller andre lovleg fatta vedtak, kan verte suspendert av styret for ei bestemt tid. Medlemet kan krevje at eit vedtak om suspensjon vert lagt fram for årsmøtet. Årsmøtet kan med simpelt fleirtal ta endeleg avgjerd i saka. I grove tilfelle kan årsmøtet ekskludere medlemet. Eit medlem som blir ekskludert, misser retten til båtplass.

 

§ 18. Informasjonsplikt

Medlemmane har til ei kvar tid plikt til å halde seg orientert om laget sine aktivitetar og føremål. All viktig informasjon blir hengt opp på lagshuset, annonsert i Møre Nytt og lagt ut på heimesida, http://www.orstahamna.no/home

 

§ 19. Hamnereglar

Styret har mynde til å utarbeide bruksreglar for hamna.

 

Ċ
Kjetil Leira,
27. feb. 2019, 02:20
Ċ
Kjetil Leira,
1. mar. 2018, 01:54